Forside /For foreldre / Sjekkliste for sykkel og utstyr

Klede

  • Lufttrykk

    Sjå til at det er nok luft i begge dekka. Med for lite luft i dekka blir det tyngre for barnet å tråkke sykkelen framover. Kva som er riktig lufttrykk, varierer mellom ulike typar dekk og dimensjonar. Normalt er dekka merkte med anbefalt lufttrykk på sida.

  • Vask og rens av kjede

    Jamleg reingjering av sykkelen reduserer slitasjen. Det er best å skylje av skit og møk rett etter bruk – før det har rokke å setje seg for godt fast. Dersom kjeda er møkete, er det fornuftig å starte med ein grundig vask, for skiten på kjeda vil føre til at drivverket blir raskare slite. Bruk oppvaskvatn og klut, eventuelt ein oppvaskkost eller tannbørste for å komme til alle stader. Etter at kjeda er gjord rein og har tørka, bør du smørje sykkelolje på kjede, tannhjul og trinser. Avslutt med å tørke av overflødig olje frå kjeda og tannhjulet.

  • Bremser

    Bremsane på sykkelen må stillast inn slik at barnet kan stoppe raskt og enkelt. Barnet skal ikkje måtte klemme bremsehendelen heilt inn før bremsane tek, i så fall må desse justerast. For- og bakbremsen bør ta omtrent på same stad for å hindre bråbrems. Sjekk òg at barnet når enkelt fram til bremsehendlane med hendene, og klarer å klemme dei heilt inn.

  • Lys og refleksar

    Som forelder er du ansvarleg for at sykkelen er utstyrt med lys og refleksar. Mange syklar blir selde utan at dette er montert på. Sørg for at utstyret blir montert på sykkelen. Lys må alltid brukast i mørkeret. Også på dagar med gråvêr og dårleg sikt bør lysa vere på – sjølv om kalenderen viser ein sommarmånad.

  • Ringjeklokke

    Sykkelen skal òg vere utstyrt med ei ringjeklokke, slik at barnet kan varsle fotgjengarar og andre syklistar når han eller ho skal passere nokon.

  • Setehøgde

    Er setet for høgt, blir sykkelturen til skulen ubehageleg. Er det derimot for lågt, får ikkje barnet utnytta krafta i tråkket på ein god måte. Ideelt sett skal barnet nå ned til bakken med tærne når han eller ho sit på setet. For born som ikkje har blitt trygge på sykkelen enno, kan det vere lurt å stille setet noko lågare, slik at det blir enklare å setje to føter i bakken dersom dei kjem ut av balanse.

    ▶️ Se film om å stille sykkelsete.

  • Hjelm

    Barn bør bruke hjelm når dei syklar. Det reduserer faren for hovudskadar ved velt og kollisjon. Sørg for at hjelmen er av godkjend type, og at han sit godt – det skal ikkje vere mogleg å ta han av hovudet utan å losne hakereima.

  • Ryggsekk

    Sjå til at skulesekken sit godt på ryggen til barnet. Ein tung sekk som sit skeivt, kan vere nok til å skape ubalanse. Det er òg viktig å sjekke at lause stroppar på sekk og gymbag blir festa, slik at dei ikkje kjem inn i hjula når sykkelen er i rørsle.

  • Klede

    Det er viktig å vere godt synleg i trafikken. Klede med sterke fargar er ein fordel, og i mørkeret og på dagar med dårleg sikt er det ein refleksvest å anbefale.